fredag 6. oktober 2017

Årets 2 julekort

Er berre i Oktober og eg har laga 2 julekort alt...

Må vel innrømme at det ikkje var heilt mitt valg, men det første var ei utfordring, og det neste var stempel fra vår fantastiske sponsor Scrapomania.no


Eg fekk ei stempelplate fra Kort og Godt, med fine tekstar og eit par bladkvistar.



På scrappetreffet her i Førde i haust kjøpte eg denne blokka. Eg fant den ikkje i nettbutikken, men det kan vere ho kan skaffe den igjen. Den er i tradisjonelle julefargar, med innslag av varm orange. Midt i blinken for meg. 


Eg har også lyst å vise et par detaljbilder, frå prosessen. 
Eg har eit lag Bazil, under dekor arket, og ein base i kraft under der igjen.

Eg skulle pynte insida, men syntes overgangen fra mønstret papir til kvit sirkel vart for voldsom, så eg har sverta litt utanfor sirkelen og litt innanfor. Dette gav ein fin overgang, og roa ned arket noko.


Framsida vart også for rotete til motivet, så eg sverta arket litt for å "roe det ned", og det fungerte supert. 


Ferdig framside på kortet. Tekst stempelet, og dei mørkaste grøne lauva er først stempla, så embossa med blankt pulver.  Eg har brukt alle blada rundt kanten fleire ganger, i 2 ulike fargar.
Motivet er skore ut med ein Nellie Snellen dise. 


Eg pynter alltid innsidene på mine kort, enten med ein liten tekst, eller med eit motiv slik som her. Dette er ein nydeleg dise, som Monica viste meg på treffet. Og hennar overlevelseskunstner er formidable.. Eller var det eg som var lett å overtale kansje?
Disen er fra Stuido light. og heter Woodland Winter. 



Insida, eg har bruk samme dise til skrivefelt som bak hjorten, sverta kantane litt, og pynta litt.

Det finst mange måter å "roe ned" eit ark på, å bruke stempelsverte er berre ein av dei. Det er i allefall ein teknikk det er moro å prøve.

Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar