mandag 29. mai 2017

Legends of the sea - kortkitt Scrapomania

Det er ikkje farlig å vere del av eit design team, når ein av hovedsponsorane er Scrapomania.

Måndens kortkitt for mai dukka opp i min postkasse for 9 dagar sidan, og tankane har gått under høgtrykk for å finne på noko orginalt å vise fram.

Kortkittet er laga på ein slik måte, at du kan lage ferdig minst 3 kort, med fleire ark og ein del pynt, inklusive motiv. Men, og her er mitt dilemma, eg har ikkje lyst å gjere det som er mest "logisk" eller enklast. Så Tankeprosessen er ferdig med 3 kort, men noken har stukke av med nokre av kveldstimane mine, så eg er kun ferdig med det første. Dei neste to kjem i løpet av et par dagar!


Etter å ha kikka på arka ei stund, velde eg ut det eg ville bruke som kjole, på dette kortet. Og velde resten ut frå det. Blomane på kjolen er restar etter panela på kortet, og ja eg har panel på alle 4 sidene. Eg har brukt ei lita rad perler, og nokre små perler i blomane på kjolen frå eige utstyr, samt lim og tape. Resten fylgde med i kittet.

Du har sikkert høyrt det før, men står du litt fast i scrappinga, og lurer på kva du skal prøve deg på, så er eit slikt kitt, ein super starthjelp, for her er med det du treng. Og om du lurer på om kortlaging er noke for deg, så treng du berre lim og saks utanom, og du er i gang.

Månadskittet finn du her: Kit- Prosjekt- Kort - PL




Klem DT-Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar