torsdag 12. januar 2017

Ta bilder av korta dine

Eg er utfordra av nokre flotte damer i Papirlosjen, til å lage ein tutorial på korleis få gode bilde av kort, og andre prosjekt du lagar.

Eg vil berre seie det med ein gang, fotografi er eit stort felt, og dette er ikkje ein guide i foto generelt. Men eg vil her prøve å komme med gode tips, og konkrete ting du kan gjere, for å få rimeleg god kvalitet på bilda av korta dine. Eg vil og gi mitt syn på kva eg tykjer er viktig, når eg skal presentere korta mine best mulig.  

Mitt utgangspunkt er eit lidenskapeleg forhold til mitt fotoapparat, og ein glupsk appetitt på fotobøker. Eg har gått et par småkurs, men det har for det meste dreia seg om portrettfoto. Eg har ingen formell utdanning innan foto. 

Når eg lagar kort og skal pressesentere dei på bloggen, ynskjer eg å vise fram "kor fine dei er". Mange bilder yter ikkje korta rettferdighet, då fargar kan vere feil gjenngitt, dårleg lys, feil fokus etc.
Målet med denne tutorialen: 
Korleis vise fram kortet, slik det faktisk ser ut/på best muleg måte. 


Utstyr:  Eg veit det er mange som bruker mobilen sin, og vil derfor ta høgde for det her.
Du treng lyskilder og eit bildebehandlingsprogram. 


Lys ute
Bruk lyset ute så sant du kan det. 
*Om sommaren finn du ein stad i skyggen, som bak huset på søppeldunkane, eller under eit tre.
*I den mørkare årstida vender du fronten på prosjekte ditt, mot der du trur sola er. Sjølv når det er overskya, vil det sterkaste lyset komme derifrå.


Dette er på baksida av huset mitt. Eg legg ein kvit barnekjole på loket på eine dunken. Senker kamera ned, slik at eg tek bilde rett fram i frå, og passar på å kun få ein nøytral vegg, og det kvite stoffet med på bilde. 
Dette bilde er teke på den svarte dunken, ein dag det var for sterkt lys/mykje sol, til å ta bilete på terrassen. Det er litt blått, og eg skal forklare litt om kva vi kan gjere med det, når eg kjem til bildebehandlingsprogram. 


Her er framsida der sola vil skine.
Det er her eg tek dei fleste bilda mine ute. Er lyset for sterkt, trekker eg inn i skyggen, er det svak går eg heilt fram til kanten. Eg passar alltid på kva eg får i bakgrunnen, når eg tek bilete.


På dette bilde har eg brukt plenen som bakgrunn, og prøvd å fange mest mulig lys i kortet. Andre ganger bruker eg ein vegg som bakgrunn. HUGS. Nøytral bakgrunn, ikkje få med rosa koppar, og ledningar etc. om du kan unngå det.

Det same gjeld ekstra pynt, du ynskjer ha med på bildet, pass på at den ikkje tek oppmerksomhet vekk frå kortet ditt.








Lys inne.
Det er straks mykje vansklegare. Har du ein kvit/nøytral glas-karm, så bruk den. Lys som kjem inn gjennom vinduage, gjev fint lys på bida dine.



Men er det mørkt ute, så må vi "lage lys" sjølve.

Og her vil eg sette fokus på 2 ting: Gode lyskilder og Reflektorar.

Lys kjem i fleire fargar, noko du heilt sikkert har sett på bilda dine. Nokre gonger blir bilda veldig gule, andre gonger blå.



Det enklaste å jobbe med, er så natruleg kvitt lys som mulig. Eg har løyst dette ved å kjøpe meg et par lyspærer med farge 5500K, som vert rekna som dagslys, og putta desse i nokre lamper eg hadde heime.


Har du ikkje det, så sjekk ut lyset over disken på kjøkenet, eller andre stader der du har arbeidslys. Kva med framfor baderoms spegelen? (dekk til spegelen for å ungå refleks i tilfelle. Eller bruk den til å reflektere lys.)

Den andre tinge du kan bruke er reflektor. Ser du på bilde av bordet mitt. Til høgre har eg ein reflektor hengande på veggen.  MEN du treng ikkje kjøpe slikt utstyr, du treng noko til å reflektere lys med. Brukar du noko kvitt vil du få eit mjukt lys, brukar du sølvblankt får du litt hardare lys. Forslag til reflektor: Isoporplate, kvit duk, aluminiums folie på ei plate/bok eller anna du har i heimen. Prøv deg fram.

Har du lyset rett ovanfrå, så set reflektoren i 45 graders vinkel mot motivet, og sjå kva som skjer. Kansje må du ha fleire, for at skyggane ikkje skal verte så harde/tydelege.



Som du ser er desse lyspærene mine svært sterke, resten av rommet virkar mørkt, sjølv om det er like mykje lys på, som på bilete over.
På dette bilde har eg teke ein rull med papir, (rest etter då barna var små) for å lage ein heilt nøytral bakgrunn.  Du kan bruke ein duk, eit stoffstykke etc. Eg bruker blits i tillegg til disse lampene, og har nett lært meg eit nytt triks.




Slik ser ein typisk fotosesjon ut hos meg.

Kameraet er nær bordet, for å få eit bilde tatt rett fram i frå. Eg sit som regle når eg fotograferer kort. Lampene lyser opp kortet frå kvar si side, og veggen bak reflekterer nok lys til å lette opp skuggar. 

Tilbake til trikset. Viss du ser på blitsen min, så har den litt osteduk rundt seg, truleg 4-5 lag som ligg laust, kun festa med ei klype i bak-kant. Dette gir eit mjukare lys,og mindre harde skyggar.  Om du har teke bilde av ein unge i klede med refleks, så veit du kor langt ein blits når, og kor sterk den er. Du treng ikkje alt det sterke lyset, når du stikk kameraet heilt oppi eit kort, så finn noko du kan duse det ned med. Brukar du mobil, treng du truleg ikkje dette. Prøv deg fram. 

Kort oppsumert: nøytral bakgrunn, nokk lys, bruk reflektor, og ta bilde direkte på. 

Om du tek bilde ovanfrå og ned, så sørg for å ikkje dekke det beste lyset med kroppen din!


Bilda over er teke med mobil, det til venstre er uten blits, det til høgre med. (du kan bestemme at mobilen skal bruke blits, sjølv om det er lyst nok til å ta bilete utan. 

Vil du ha detalj bilder, så legg du kortet ned, og tek bilde frå ulike vinklar. 

Bildet er teke, og klar til redigering.

Mine fokuspunkt i redigeringsarbeid. 
* ALLTID så korrekt gjengitte farger som mulig.
* ALLTID litt luft rundt kortet.
* vannmerke
* skal eg bruke ramme eller anna rundt, passar eg på at den ikkje stel kvalitet, eller oppmerksomhet. 

Det finst fleire gratis program på markedet. Eg brukar Photoshop Elements til vanleg, og har difor valgt å bruke eit program, som er mest mogleg likt dette. Paint.net, er gratis, og ser ut og fungerer ganske likt Photoshop. (anbefaler å laste det ned via ninite.com)

Det første eg gjer når eg hentar inn et bilde er å sjekke lys. 
Under menyen Adjustment, finn du både levels, og hue/saturation.

Levels
255 er lys/kvitt - 0 er svart. Fjella er informasjon om bildet ditt. Eit balansert bilde har fjell/bumpar som rekk heilt ut til kanten oppe og nede. Gjer den ikkje det, kan du flytte på dei små pilane for å justere bilde ditt. Den midterste pila viser midt tonane. Dette må du øve litt på, dra i pilane og sjå kva som skjer.  Prøv først med Innput, og så juster midtone på output. 
Ynskjer du å vite meir om dette, så kan du kikke på denne videoen Brugbart


Hue /Saturation
For dei av dokke som fargelegger, er dette kjende ord. Hue, vil endre fargane i bilde ditt, så om du synes bilde er for rødt/blått etc. så prøver du deg der. Saturation, viser styrken i fagane, frå grå til "alt for sterk"

Kontrast.
Det kan også lønne seg å auke kontrasten på bildet ditt litt, det kan du enten gjere på Adjustment, Brightness/contrast eller under Effects, Photo, Sharpen.


Beskjæring.

Du markerer bilde ved hjelp av det øverste verktøyet til venstre, Velg så Image, Crop to selection. Ikkje skjær heilt inntil kortet, la det vere litt luft rundt.

Lagre for web.
Eg lagrar alle bilda eg skal ha på nettet 2 gonger, ein for web, og ein for anna bruk.  Grunnen til at eg begynte med det, var for at dei med dåleg Internett skulle gidde å vente til alle bilda mine var lasta. No gjer eg det for å ikkje fylle opp maxgrensa på blogspot, og for at sida skal laste raskt.

I paint.net må eg justere bildestørrelsen manuelt, slik at ikkje bilde skal dekke halve skjermen om du klikkar på det. Her har eg valgt at det skal vere 20 cm i vidde.



Når bildet ditt er klart, vel du lagre som, og justerer kvaliteten til det du ynskjer. Eg ser her at fila er ca. 200 kb. noko eg tykkjer er passe stort.  Husk å lagre i eit format som blogger/FB kjenner, som f.eks. jpeg. Ikkje lagre i Paint.net sitt eget format.


Ein annan ting å tenke på i forhold til bildestørrelse, er at om nokon stjel bilda dine, er det mykje vanskelegare å redigere vekk navnet ditt, om bilde har litt lita fil (lite informasjon. Det vil syns om dei prøver)

Signatur


Det er viktig at du merkar bilda du deler på nett.
Her har eg gjordt det enkelt ved å lage meg eit nytt layer (då kan eg teste ut ting uten å ødelege sjølve bilde) Klikka i den store fargerundingen slik at eg fekk kvit, og skreiv navnet mitt.  Dei små boksane i menyen til høgre, viser kva for eit lag du ser, og kva for eit lag du står på. Det øverste laget vil alltid legge seg oppå det andre.  Oppe i menyen kan du no endre skriftype, størrelse etc.

Om du legg ut bilder av kort, med eigenfarga motiv, ynskjer dei fleste produsentar at du legg litt tekst over sjølve motivet, slik at ikkje andre kan kopiere motivet og bruke det fritt.

Når du lagrar dette, vil du få spørsmål om å "flatten image", når du svarer ja, vil teksten legge seg fast over bildet og du kan ikkje flytte den etterpå. Men skal du ha det på nett må du svare ja.

Det finst programvare, som kun legg signatur på bildet dit om du ynskjer bruke det i staden.

Då trur eg at eg seier meg fornøgd med bilde mitt. Slik vart det:


Har du spørsmål, kommentarer, rettelser etc., så set eg pris på å få tilbakemeldingar.

Klem DT-Anita

4 kommentarer:

  1. Kjempeflott artikkel. Jeg er ikke noe god på dette her....og har vel ikke helt interessen for foto på den måten, derfor trenger jeg noen slike enkle tips og råd :)

    SvarSlett
  2. Herlig artikkel og mange flotte tips.

    SvarSlett
  3. Tusen takk for flotte tips Anita! Det er ikke alltid lett å få til fine bilder som gjengir riktig fargenyanser. :) Men med dine råd kan man forbedre resultatet! :)

    SvarSlett